MOLDROK – OM MOLD, MAT & LANDBRUK

Bondeopprøret må bli eit folkeopprør

Det ulmar eit bondeopprør i landet vårt. Mange tusen har alt signert eit opprop med fleire konkrete punkt for endring. Men vil noko skje? Historia er full av feila bondeopprør. Skal dette opprøret lukkast må det nye alliansar, og ei radikal endring av den økonomiske tankegangen, til.

Eirik Magnus Fuglestad Mai 2021

Dette innlegget ble opprinnelig publisert i Bondevennen, og er gjengitt her med tillatelse fra både avisen og skribenten.

Det ulmar eit bondeopprør i landet vårt denne våren. Mange tusen har alt signert eit opprop med fleire konkrete punkt for endring. Men vil noko skje? Historia er full av bondeopprør som fislar ut. Eg trur at to ting er heilt sentrale for at bondeopprøret 2021 skal lukkast.

Det første er at bondeopprøret må vera radikalt. Radikalt er kanskje ikkje det første som assosierast med bonden. Ofte vert bøndene sett på som eit konservativt samfunnselement: dei er landeigarar som ser seg tente med det beståande. Dette biletet av bonden stemmer kanskje visse stader i verda, men ikkje i Noreg.

I Noreg er ikkje bonden verken landeigande aristokrat eller ein utbytande agrarkapitalist. Den norske bonden kjenner me først og fremst som ein småkårsslitar. Og denne bonden har gjennom store delar av moderne historie vore ein sterk drivar for radikal politikk.

Nokre av dei tidlege historikarane våre, som venstremannen Ernest Sars og sosialisten Halvdan Koth, gjekk langt i å gi desse bøndene æra for den norske demokratiske utviklinga på 1800-talet, altså i å gjera dei til ei radikal kraft. Seint på 1800-talet var bønder og bondesøner som Søren Jaabæk, Arne Garborg og Rasmus Steinsvik alle beint ut anarkistar. Meir radikal kan du ikkje bli. Bondeopprøret 2021 bør gå inn i denne tradisjonen av radikale norske bønder.

For det krevjast grunnleggjande og radikale endringar av økonomiske og politiske forhold for at måla med opprøret skal lukkast. Her kan me læra av det mest kjende bondeopprøret i Noreg i nyare tid, Hitra-aksjonen frå 1975, der bøndene på Hitra gjekk i skattestreik. Dette verka tilsynelatande bra, og Stortinget vedtok året etter det berømte opptrappingsvedtaket for jordbruket.

I ettertid kan me sjå at dette var dømt til å mislukkast i det lange løp fordi det ikkje vart følgt opp av radikal endring av det økonomiske systemet. Tvert om akselererte alle trendane som har ført landbruket ut i ulukka att etter 1975. Desse trendane kan samanfattast i omgrepet økonomisk vekst.

Den økonomiske veksten har ført med seg mykje bra, men den er bygd på eit globalt system av rovdrift både på folk og natur. Alt i Hitra-opprøret si samtid var det fleire røyster som ropte at økonomisk vekst og forbruk måtte stoppa opp om ikkje berre bøndene, men heile samfunnet, skulle kunna ha ei økologisk og økonomisk berekraftig framtid. I dag er det på nytt sterke røyster som ropar det same. Og her kjem me til den andre tingen Bondeopprør21 treng: alliansar.

Bondeopprørarane vil finna at dei har meir sams med til dømes dei urbane unge, som kjempar for klimaet, enn kva ein skulle tru. Dei unge, «grøne» er mange, og dei blir stadig fleire. Bønder er det få av, og dei blir færre. Bondeopprøret har difor alt å tena på ein allianse med dei klima- og økologi-medvitne unge i byane. Begge brenn dei eigentleg for det same, begge er opptekne av økologi og klima – for er det ikkje nett økologi som er bondens grunnfag? Og vêr og vind er rammevilkåra hennar. Ein berekraftig natur, og ein rettferdig økonomi tufta på dette, er eit felles mål.

Slik det har blitt i dag, er bonden tvungen til å driva rovdrift på naturen, dyra og seg sjølv – berre for å sjå at betalinga for slitet går i lommane på daglegvarebaronane i eit globalt system som får både menneske og natur til å knela. Utan at strukturen i dette systemet endrast radikalt, vil bonden aldri kunna få driva verken økonomisk eller økologisk berekraftig i lengda.

Bøndene bør difor skapa ein brei allianse for radikal endring. Så lenge økonomisk vekst er både målet og middelet for alt, så lenge mat er redusert til ei handelsvare for å skapa kapital, og så lenge jorda, dyra og menneska berre er faktorar i dette systemet, kan ei endring for bøndene aldri koma, som vil bli varig og god.

Bondeopprøret kan bli starten på eit folkeopprør. Eit opprør som tek utgangspunkt i måten me forvaltar jorda på. Eit opprør med mål om å skapa ei betre verd, der forståinga av økologi og økonomi både for bonden, jorda og dei som skal ha maten, er tufta på prinsipp om berekraft og rettferd. Korleis dette systemet skal fungera og sjå ut bør vera eit sentralt tema for bondeopprøret og deira allierte.

Bøndene har vore grunnfjellet i radikal endring i norsk historie før, og kan bli det igjen. Det er på høg tid. Det er freistande å avslutta slik Karl Marx og Fredrik Engels avslutta det kommunistiske manifestet i 1848, under den europeiske folkevåren: me har ikkje anna enn lenker å mista, og ei verd å vinna. Me treng ein ny folkevår, og våren kjem! 


Eirik Magnus Fuglestad er odelssønn og forsker ved Ruralis – Institutt for rural- og regionalforskning. Opprinnelig publisert i Bondevennen. Gjengitt med tillatelse.

NY HORISONT

redaksjon@nyhorisont.no

Dette nettstedet er redigert på uavhengig grunnlag, i henhold til de prinsipper som er nedfelt i Redaktørplakaten, Vær Varsom-plakaten og Ny Horisonts egne etiske husregler.

2021 © Ny Horisont

NY HORISONT

redaksjon@nyhorisont.no

Dette nettstedet er redigert på uavhengig grunnlag, i henhold til de prinsipper som er nedfelt i Redaktørplakaten, Vær Varsom-plakaten og Ny Horisonts egne etiske husregler.

2021 © Ny Horisont